12 Amasa låg midt på vegen, bada i blod. Då mannen såg at alt folket stoppa der, flytte han Amasa frå vegen bort på marka. Han kasta ei kappe over han; for alle som kom framom, såg han og stoppa.
13 Då Amasa var teken bort frå vegen, gjekk alle framom og følgde Joab for å jaga Sjeba, son til Bikri.
14 Sjeba fór gjennom alle Israel-stammane heilt til Abel-Bet-Maaka. Alle mennene i Bikri-slekta samla seg og følgde han inn i byen.
15 Joab og mennene hans kom og kringsette han i Abel-Bet-Maaka. Dei kasta opp ein voll som nådde bort til den ytre bymuren. Heile hæren som var med Joab, gjekk laus på muren og ville få han til å falla.
16 Då var det ei klok kvinne som ropa frå byen: «Høyr her! Høyr her! Be Joab koma nærare, så eg får tala med han.»
17 Han gjekk bort til henne, og kona spurde: «Er du Joab?» «Ja», svara han. Ho sa til han: «Høyr kva tenestekvinna di har å seia.» «Eg høyrer», svara han.
18 Då sa kona: «I gamle dagar sa folk: Gå og spør deg føre i Abel – og så var saka avgjord.