18 Då sa kona: «I gamle dagar sa folk: Gå og spør deg føre i Abel – og så var saka avgjord.
19 Eg er av dei trufaste og fredsæle i Israel. Men du prøver å gjera ende på ein by som er ei mor i Israel. Kvifor vil du øydeleggja Herrens eigedom?»
20 Joab svara: «Nei, langt ifrå! Eg vil slett ikkje øyda eller herja.
21 Det har seg ikkje slik! Men ein mann frå Efraim-fjella som heiter Sjeba og er son til Bikri, har lyft handa mot kong David. Lat meg berre få tak i han, så skal eg dra bort frå byen.» Då sa kvinna: «Du skal få sjå at dei kastar hovudet hans ut til deg over muren.»
22 Så gjekk kona til folket i byen med det kloke rådet sitt. Og dei hogg hovudet av Sjeba, son til Bikri, og kasta det ut til Joab. Då bles han i hornet, og mennene drog bort frå byen og fór heim, kvar til seg. Sjølv fór Joab attende til Jerusalem, til kongen.
23 Joab var hærførar i Israel, og Benaja, son til Jojada, var førar for kretarane og pletarane.
24 Adoram hadde tilsyn med dei som gjorde pliktarbeid, og Josjafat, son til Ahilud, var kanslar.