22 Så gjekk kona til folket i byen med det kloke rådet sitt. Og dei hogg hovudet av Sjeba, son til Bikri, og kasta det ut til Joab. Då bles han i hornet, og mennene drog bort frå byen og fór heim, kvar til seg. Sjølv fór Joab attende til Jerusalem, til kongen.
23 Joab var hærførar i Israel, og Benaja, son til Jojada, var førar for kretarane og pletarane.
24 Adoram hadde tilsyn med dei som gjorde pliktarbeid, og Josjafat, son til Ahilud, var kanslar.
25 Sjeja var riksskrivar, og Sadok og Abjatar var prestar.
26 Ira av Ja'ir-slekta var òg prest hos David.