3 Då David var komen heim til Jerusalem, tok han dei ti følgjekonene som han hadde late vera att for å sjå etter huset, og sette dei i forvaring. Han sytte for det dei trong, men han gjekk ikkje inn til dei. Dei sat innestengde til sin døyande dag og levde som om dei var enkjer.
4 Sidan sa kongen til Amasa: «Kall saman judearane innan tre dagar, og møt sjølv fram her!»
5 Amasa drog av stad og kalla saman judearane, men han trong meir tid enn kongen hadde fastsett.
6 Då sa David til Abisjai: «No kjem Sjeba, son til Bikri, til å skapa større vanskar for oss enn Absalom. Ta med deg tenarane til herren din og set etter han før han når fram til nokon av festningsbyane og slepp frå oss.»
7 Mennene til Joab, kretarane og pletarane og alle krigarane følgde han. Dei tok ut frå Jerusalem og ville setja etter Sjeba, son til Bikri.
8 Då dei var komne til den store steinen ved Gibeon, kom Amasa imot dei. Joab bar våpenkappe, og utanpå kappa hadde han eit sverd i slire. Det var fest ved hofta. Då han gjekk fram, gleid sverdet ut.
9 Joab sa til Amasa: «Står det bra til med deg, bror?» og tok tak i skjegget hans med høgre handa for å kyssa han.