1 I Davids styringstid var det ein gong hungersnaud i tre samfulle år. Då søkte David råd hos Herren. Herren svara: «Det kviler blodskuld på Saul og hans hus fordi han drap folk i Gibeon.»
2 Kongen kalla då til seg gibeonittane og tala med dei. Gibeonittane var ikkje israelittar, men høyrde til dei amorittane som var att i landet. Endå israelittane hadde lova å skåna dei, hadde Saul prøvd å drepa dei, ihuga som han var for israelittane og judearane.
3 David sa til mennene frå Gibeon: «Kva skal eg gjera for dykk, og korleis kan eg gjera soning så de kan velsigna landet Herren eig?»
4 Gibeonittane svara: «Sølv eller gull frå Saul og hans hus løyser ikkje denne saka, og vi har ikkje rett til å drepa nokon i Israel.» Kongen spurde: «Kva vil de så at eg skal gjera for dykk?»
5 Dei svara: «Det gjeld den mannen som ville gjera ende på oss og sette seg føre å rydda oss ut frå Israels område.
6 Lat oss få sju av etterkomarane hans, så skal vi avretta dei for Herren i Gibea, heimbyen til Saul, Herrens utvalde.» Då sa kongen: «De skal få dei.»
7 Men kongen sparte Mefibosjet, son til Jonatan, son til Saul, fordi David og Jonatan, son til Saul, hadde svore kvarandre ein eid ved Herren.