4 Gibeonittane svara: «Sølv eller gull frå Saul og hans hus løyser ikkje denne saka, og vi har ikkje rett til å drepa nokon i Israel.» Kongen spurde: «Kva vil de så at eg skal gjera for dykk?»
5 Dei svara: «Det gjeld den mannen som ville gjera ende på oss og sette seg føre å rydda oss ut frå Israels område.
6 Lat oss få sju av etterkomarane hans, så skal vi avretta dei for Herren i Gibea, heimbyen til Saul, Herrens utvalde.» Då sa kongen: «De skal få dei.»
7 Men kongen sparte Mefibosjet, son til Jonatan, son til Saul, fordi David og Jonatan, son til Saul, hadde svore kvarandre ein eid ved Herren.
8 Kongen tok dei to sønene som Saul hadde fått med Rispa, dotter av Ajja, Armoni og Mefibosjet, og dei fem sønene som Mikal, dotter av Saul, hadde fått med Adriel, son til Barsillai frå Mehola.
9 Han gav dei i hendene på gibeonittane, som drap dei oppe på fjellet for Herrens andlet. Slik kom dei av dage alle sju på ein gong. Dei vart drepne i dei første dagane av innhaustinga, tidleg i bygghausten.
10 Rispa, dotter av Ajja, tok sekkestrie og breidde ut på berget. På den vart ho sitjande frå kornskurden tok til og til regnet strøymde ned over dei døde frå himmelen. Ho såg til at fuglane under himmelen ikkje slo ned på dei om dagen, og at villdyra ikkje tok dei om natta.