11 Han reid på kjeruben, han flaugog kom til syne på vindens venger.
12 Han gjorde mørkret til sitt telt,hadde svarte, regntunge skyer kring seg.
13 Gneistar og glør loga oppfrå stråleglansen framfor han.
14 Herren torna frå himmelen,Den høgste lét røysta lyda.
15 Han skaut sine piler og spreidde dei,han skremde dei med lyn.
16 Rennene på havbotnen kom til syne,grunnvollane under jorda viste segdå Herren truga,då han fnyste av vreide.
17 Han rette ut handa frå det høge og greip meg,drog meg opp or veldige vatn.