17 Han rette ut handa frå det høge og greip meg,drog meg opp or veldige vatn.
18 Han berga meg frå min mektige fiendedå dei som hata meg, var for sterke.
19 På ulukkedagen kom dei imot meg,men Herren var mi støtte.
20 Han førte meg ut i ope landog fria meg ut, for han har glede i meg.
21 Herren gav meg att for mi rettferd,han lønte meg, for mine hender var reine.
22 Eg hadde halde meg til Herrens vegarog ikkje gjort meg skuldig i urett mot min Gud.
23 Alle hans lover hadde eg for auge,eg veik ikkje av frå hans forskrifter.