2 Han sa: Herren er mitt berg og mi borg og min utfriar,
3 min Gud er fjellet der eg søkjer livd.Han er mitt skjold og mi frelse, min styrke og mitt vern,mi tilflukt, min frelsar som friar meg frå vald.
4 Eg ropa til Herren, han som får lovsong,og eg vart frelst frå mine fiendar.
5 Dødens brotsjøar braut ikring meg,malstraumane skremde meg.
6 Dødsrikets band vart spente om meg,dødens snarer venta meg.
7 I mi naud kalla eg på Herren,eg ropa til min Gud.Han høyrde meg frå sitt tempel,mitt rop nådde hans øyre.
8 Då skalv og skaka jorda,himmelens grunnvollar riste,dei skalv fordi han var harm.