22 Eg hadde halde meg til Herrens vegarog ikkje gjort meg skuldig i urett mot min Gud.
23 Alle hans lover hadde eg for auge,eg veik ikkje av frå hans forskrifter.
24 For han var eg heil i mi ferd,eg akta meg vel for å synda.
25 Herren lønte meg for mi rettferddå han såg at eg var rein.
26 Du er trufast mot den som er tru,heilhjarta mot kvar heilhjarta krigar.
27 Du viser deg rein mot den som er rein,men vrang mot den som fer med svik.
28 Du frelser eit folk i naud,men auga dine er vende mot dei stolte,du audmjukar dei.