25 Herren lønte meg for mi rettferddå han såg at eg var rein.
26 Du er trufast mot den som er tru,heilhjarta mot kvar heilhjarta krigar.
27 Du viser deg rein mot den som er rein,men vrang mot den som fer med svik.
28 Du frelser eit folk i naud,men auga dine er vende mot dei stolte,du audmjukar dei.
29 For du er mi lampe, Herre, Herren lyser opp mitt mørker.
30 Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk,med Guds hjelp kan eg springa over murar.
31 Guds veg er fullkomen, Herrens ord er reint.Han er eit skjold for allesom søkjer tilflukt hos han.