32 For kven er Gud om ikkje Herren,kven er eit berg om ikkje vår Gud?
33 Gud er mitt sterke vern,han gjer mi ferd heil.
34 Han gjev meg føter som ei hindog lèt meg stå på høgdene.
35 Han lærer opp hendene mine til krig,armane spenner bogen av bronse.
36 Du gjev meg di frelse til skjold,bøyer deg ned og gjer meg stor.
37 Du opnar veg for mine steg,anklane mine vaklar ikkje.
38 Eg jagar mine fiendar og slettar dei ut,eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei.