39 Eg gjer ende på dei og knuser deiså dei ikkje kan reisa seg,men ligg falne under mine føter.
40 Du kler meg med styrke til krigenog tvingar mine motstandarar i kne.
41 Du slår mine fiendar på flukt,eg utryddar dei som hatar meg.
42 Dei ser seg om, men det er ingen frelsar,dei ropar til Herren, men han svarar dei ikkje.
43 Eg knuser dei som støv på jorda,trør og trakkar dei ned som søle i gata.
44 Du bergar meg frå mitt folk som ligg i strid,held meg oppe som hovding over folkeslag.Folk eg ikkje kjende, må tena meg;
45 framande kryp for meg,dei lyder berre dei høyrer om meg.