43 Eg knuser dei som støv på jorda,trør og trakkar dei ned som søle i gata.
44 Du bergar meg frå mitt folk som ligg i strid,held meg oppe som hovding over folkeslag.Folk eg ikkje kjende, må tena meg;
45 framande kryp for meg,dei lyder berre dei høyrer om meg.
46 Dei framande visnar,skjelvande kjem dei ut or sine borger.
47 Herren lever! Velsigna er mitt berg!Opphøgd er Gud, min frelsar og mitt berg.
48 Gud lèt meg få hemn,han legg folkeslag under meg.
49 Han friar meg frå mine fiendar.Du lyfter meg over motstandararog bergar meg frå valdsmenn.