8 Då skalv og skaka jorda,himmelens grunnvollar riste,dei skalv fordi han var harm.
9 Røyk steig opp or hans nase,øydande eld or hans munn,gneistar loga opp frå han.
10 Han bøygde himmelen og steig ned,under føtene hans var mørke skyer.
11 Han reid på kjeruben, han flaugog kom til syne på vindens venger.
12 Han gjorde mørkret til sitt telt,hadde svarte, regntunge skyer kring seg.
13 Gneistar og glør loga oppfrå stråleglansen framfor han.
14 Herren torna frå himmelen,Den høgste lét røysta lyda.