1 Dette er Davids siste ord.Så seier David, son til Isai,så seier mannen som Gud har reist opp,han som er salva av Jakobs Gud,og som har dikta Israels songar:
2 Herrens Ande talar gjennom meg,hans ord er på mi tunge.
3 Israels Gud har tala,til meg har Israels berg sagt:«Den som styrer menneske med rettferd,den som rår med gudsfrykt,
4 er lik morgonlyset når sola går oppein morgon med skyfri himmel;gjennom solskin og regnlèt det graset gro fram or jorda.»
5 Slik har mitt hus det med Gud.For han har gjort ei evig pakt med meg,vel ordna og trufast halden.Ja, alt som tener til mi frelse,alt eg ønskjer, lèt han gro fram.
6 Men dei vonde er allelik tornekvister ein kastar bort,ingen tek dei i hendene.