21 Han felte òg ein kjempestor egyptar. Egyptaren hadde eit spyd i handa, men Benaja gjekk imot han med ein stav, reiv spydet ut av handa hans og drap han med hans eige spyd.
22 Dette gjorde Benaja, son til Jojada, og han fekk eit stort namn mellom dei tretti krigsheltane.
23 Han var høgt akta mellom dei tretti, men kom ikkje opp mot dei tre. David sette han over livvakta si.
24 Til dei tretti høyrde Asael, bror til Joab; Elhanan, son til Dodo, frå Betlehem;
25 Sjamma frå Harod; Elika frå Harod;
26 Heles frå Pelet; Ira, son til Ikkesj, frå Tekoa;
27 Abieser frå Anatot; Mebunnai frå Husja;