1 Endå ein gong vart Herren brennande harm på Israel. Han sette David opp mot dei og sa: «Gå og hald folketeljing i Israel og Juda!»
2 Då sa kongen til Joab, hærføraren, som var hos han: «Far ikring til alle Israel-stammane, frå Dan til Beer-Sjeba. Du skal mønstra folket, så eg kan få vita kor mange dei er.»
3 Joab svara kongen: «Måtte Herren din Gud la kongen sjå med eigne auge at folket blir hundre gonger så talrikt som no! Men kvifor vil min herre kongen gjera dette?»
4 Men kongen heldt fast på sitt ord til Joab og hærførarane.Då drog Joab og hærførarane bort frå kongen for å mønstra Israelsfolket.
5 Dei sette over Jordan og byrja med Aroer og byen som ligg midt i dalen Gad, og dei heldt fram til Jaser.
6 Så kom dei til Gilead og området ved Tahtim-Hodsji, og så til Dan-Jaan. Derifrå bøygde dei av mot Sidon.
7 Så kom dei til festningsbyen Tyros og alle hevittbyane og kanaanearbyane. Derifrå drog dei til det sørlege Juda, til Beer-Sjeba.