3 Joab svara kongen: «Måtte Herren din Gud la kongen sjå med eigne auge at folket blir hundre gonger så talrikt som no! Men kvifor vil min herre kongen gjera dette?»
4 Men kongen heldt fast på sitt ord til Joab og hærførarane.Då drog Joab og hærførarane bort frå kongen for å mønstra Israelsfolket.
5 Dei sette over Jordan og byrja med Aroer og byen som ligg midt i dalen Gad, og dei heldt fram til Jaser.
6 Så kom dei til Gilead og området ved Tahtim-Hodsji, og så til Dan-Jaan. Derifrå bøygde dei av mot Sidon.
7 Så kom dei til festningsbyen Tyros og alle hevittbyane og kanaanearbyane. Derifrå drog dei til det sørlege Juda, til Beer-Sjeba.
8 Dei fór ikring i heile landet, og etter ni månader og tjue dagar kom dei heim att til Jerusalem.
9 Joab la fram for kongen det talet folketeljinga hadde gjeve. I Israel var det åtte hundre tusen krigarar, våpenføre menn, og i Juda fem hundre tusen.