5 Dei sette over Jordan og byrja med Aroer og byen som ligg midt i dalen Gad, og dei heldt fram til Jaser.
6 Så kom dei til Gilead og området ved Tahtim-Hodsji, og så til Dan-Jaan. Derifrå bøygde dei av mot Sidon.
7 Så kom dei til festningsbyen Tyros og alle hevittbyane og kanaanearbyane. Derifrå drog dei til det sørlege Juda, til Beer-Sjeba.
8 Dei fór ikring i heile landet, og etter ni månader og tjue dagar kom dei heim att til Jerusalem.
9 Joab la fram for kongen det talet folketeljinga hadde gjeve. I Israel var det åtte hundre tusen krigarar, våpenføre menn, og i Juda fem hundre tusen.
10 Men etter at David hadde talt folket, kjende han at det stakk han i hjartet, og han sa til Herren: «Eg har gjort ei stor synd. Men ta no bort skulda til din tenar, Herre, for eg har bore meg uvitug åt.»
11 Då David stod opp om morgonen, var Herrens ord kome til profeten Gad, sjåaren til David: