9 Joab la fram for kongen det talet folketeljinga hadde gjeve. I Israel var det åtte hundre tusen krigarar, våpenføre menn, og i Juda fem hundre tusen.
10 Men etter at David hadde talt folket, kjende han at det stakk han i hjartet, og han sa til Herren: «Eg har gjort ei stor synd. Men ta no bort skulda til din tenar, Herre, for eg har bore meg uvitug åt.»
11 Då David stod opp om morgonen, var Herrens ord kome til profeten Gad, sjåaren til David:
12 «Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, og eg vil la han ramma deg.»
13 Så gjekk Gad til David og melde det til han. Han sa: «Skal det koma hungersnaud over landet ditt i sju år? Skal du vera på flukt frå fiendane dine i tre månader medan dei forfølgjer deg? Eller skal det skal koma pest over landet ditt i tre dagar? Tenk etter og gjer opp med deg sjølv kva eg skal svara han som har sendt meg.»
14 David sa til Gad: «Eg er i stor naud. Lat oss då helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.»
15 Då lét Herren pesten koma over Israel. Pesten varte frå morgonen og til den tida han hadde fastsett. Det døydde sytti tusen mann av folket, frå Dan til Beer-Sjeba.