1 Krigen mellom Sauls hus og Davids hus vart dryg. David vart sterkare og sterkare, medan Saul vart veikare og veikare.
2 David fekk desse sønene medan han var i Hebron: Den første var Amnon, som han fekk med Ahinoam frå Jisreel.
3 Den andre var Kilab, som han fekk med Abigajil, ho som hadde vore gift med Nabal frå Karmel. Den tredje var Absalom, son til Maaka, som var dotter til kong Talmai i Gesjur.
4 Den fjerde var Adonja, son til Haggit. Den femte var Sjefatja, son til Abital.
5 Den sjette var Jitream, son til Davids kone Egla. Desse sønene fekk David medan han budde i Hebron.
6 Så lenge kampen mellom Sauls hus og Davids hus stod på, fekk Abner meir og meir makt i Sauls hus.
7 No hadde Saul hatt ei følgjekone som heitte Rispa og var dotter til Ajja. Isjbosjet sa til Abner: «Kvifor har du vore saman med følgjekona til far min?»