14 David sende bodberarar til Isjbosjet, son til Saul. Dei skulle seia: «Gjev meg att Mikal, kona mi, som eg vann meg til brur med forhudene av hundre filistrar.»
15 Isjbosjet sende då bod og tok henne frå mannen hennar, Paltiel, son til Lajisj.
16 Mannen følgde med. Han gjekk gråtande bakom henne heilt til dei kom til Bahurim. Der sa Abner til han: «Gå heim att!» Då snudde Paltiel.
17 Abner tala med dei eldste i Israel og sa: «Fleire gonger har de prøvd å få David til konge.
18 Gjer no alvor av det! For Herren har sagt om David: Gjennom David, tenaren min, vil eg berga mitt folk Israel frå filistrane og alle dei andre fiendane deira.»
19 Abner tala òg med benjaminittane. Så drog han til Hebron og ville fortelja David alt det som israelittane og alle benjaminittane hadde vedteke.
20 Då Abner kom til David i Hebron med eit følgje på tjue mann, heldt David ein fest for han og mennene som var med han.