19 Abner tala òg med benjaminittane. Så drog han til Hebron og ville fortelja David alt det som israelittane og alle benjaminittane hadde vedteke.
20 Då Abner kom til David i Hebron med eit følgje på tjue mann, heldt David ein fest for han og mennene som var med han.
21 Abner sa til David: «No vil eg ta i veg og samla heile Israel for deg, herre konge. Så vil dei gjera ei pakt med deg, og du kan vera konge over heile det riket du ønskjer deg.» David lét Abner fara, og han drog bort i fred.
22 På same tid kom Davids menn og Joab heim frå eit plyndringstokt, og dei hadde eit stort hærfang med seg. Abner var ikkje lenger hos David i Hebron, for David hadde late han fara, og han hadde drege bort i fred.
23 Då Joab var vel heime med heile hæren, kom det nokre og sa til han: «Abner, son til Ner, kom til kongen, og han lét han fara bort i fred.»
24 Då gjekk Joab inn til kongen og sa: «Kva har du gjort? Når Abner kjem til deg, lèt du han då fara sin veg?
25 Du kjenner då Abner, son til Ner? Han kom hit berre for å lura deg og for å få greie på kvar du ferdast, og kva du gjer.»