31 Så sa David til Joab og alle som var hos han: «Riv sund kleda, ta på dykk sekkestrie og hald sørgjehøgtid over Abner!» Kong David gjekk sjølv bak båra.
32 Dei gravla Abner i Hebron. Kongen gret høgt ved grava hans, og heile folket gret med.
33 Kongen stemde i ei likklage over Abner:Laut Abner døy slik ein dåre døyr?
34 Dine hender var ikkje bundne,dine føter ikkje lagde i lenkjer.Du fall som ein fell for ugjerningsmenn.Då gret folket endå ein gong.
35 Sidan kom dei alle og ville få David til å eta medan det endå var dag. Men han svor: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg smakar brød eller noko anna før sola er gått ned!»
36 Alle merka seg dette, og dei syntest godt om det. Alt det kongen gjorde, syntest folket godt om.
37 Den dagen skjøna alle, ja, heile Israel, at det ikkje var kongen som stod bak drapet på Abner, son til Ner.