2 Son til Saul hadde to menn i tenesta si som førte flokkar på plyndringstokt. Den eine heitte Baana og den andre Rekab. Dei var sønene til Rimmon frå Beerot og høyrde til Benjamin-stammen. For Beerot vart òg rekna til Benjamin.
3 Folket i Beerot hadde flykta til Gittajim, og der har dei budd som innflyttarar til denne dag.
4 Jonatan, son til Saul, hadde ein son som hadde ein skade i føtene. Han var fem år gammal då ulukkemeldinga om Saul og Jonatan kom frå Jisreel. Fostermora tok han med seg og flykta i all hast, men under flukta fall han ned og vart halt. Han heitte Mefibosjet.
5 Då tok dei ut, Rekab og Baana, sønene til Rimmon frå Beerot. Dei kom til huset til Isjbosjet medan dagen var på det heitaste og han låg og kvilte middag.
6 Kvinna som vakta døra, hadde sete og sikta kveite. Men ho hadde sovna, så Rekab og Baana, bror hans, slapp usedde forbi.
7 Dei kom inn i huset der Isjbosjet låg på senga i soverommet sitt, og dei slo han i hel og hogg hovudet av han. Dei tok hovudet med seg, og så gjekk dei heile natta over Araba-sletta.
8 Dei kom med hovudet hans til David i Hebron og sa til kongen: «Sjå, her er hovudet av Isjbosjet, son til Saul, fienden din, som stod deg etter livet. I dag har Herren gjeve deg hemn over Saul og slekta hans, herre konge.»