5 Då tok dei ut, Rekab og Baana, sønene til Rimmon frå Beerot. Dei kom til huset til Isjbosjet medan dagen var på det heitaste og han låg og kvilte middag.
6 Kvinna som vakta døra, hadde sete og sikta kveite. Men ho hadde sovna, så Rekab og Baana, bror hans, slapp usedde forbi.
7 Dei kom inn i huset der Isjbosjet låg på senga i soverommet sitt, og dei slo han i hel og hogg hovudet av han. Dei tok hovudet med seg, og så gjekk dei heile natta over Araba-sletta.
8 Dei kom med hovudet hans til David i Hebron og sa til kongen: «Sjå, her er hovudet av Isjbosjet, son til Saul, fienden din, som stod deg etter livet. I dag har Herren gjeve deg hemn over Saul og slekta hans, herre konge.»
9 Men David svara Rekab og Baana, bror hans, sønene til Rimmon frå Beerot: «Så sant Herren lever, han som har fria meg ut or all naud:
10 Den mannen som kom til meg og melde at Saul var død, meinte sjølv at han kom med eit gledebod. Men eg greip han og drap han i Siklag. Det var løna eg gav han for gledebodet!
11 Kva no, når lovlause har drepe ein uskuldig mann i hans eige hus og hans eiga seng? Skulle eg ikkje då krevja hans blod av dykkar hand og rydda dykk ut frå jorda?»