1 Alle Israels stammar kom til David i Hebron og sa: «Sjå, vi er av same bein og kjøt som du.
2 Alt for lenge sidan, då Saul var konge over oss, var det du som førte Israel både ut og heim att. Herren har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.»
3 Då kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron. Kong David gjorde ei pakt med dei i Hebron for Herrens andlet. Og dei salva David til konge over Israel.
4 David var tretti år gammal då han vart konge, og han styrte i førti år.
5 I Hebron var han konge over Juda i sju år og seks månader, og i Jerusalem var han konge over heile Israel og Juda i trettitre år.