3 Då kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron. Kong David gjorde ei pakt med dei i Hebron for Herrens andlet. Og dei salva David til konge over Israel.
4 David var tretti år gammal då han vart konge, og han styrte i førti år.
5 I Hebron var han konge over Juda i sju år og seks månader, og i Jerusalem var han konge over heile Israel og Juda i trettitre år.
6 Kongen og mennene hans drog no til Jerusalem, mot jebusittane som budde der i landet. Men dei sa til David: «Her kjem du aldri inn! Halte og blinde skal driva deg bort og seia: Her kjem David aldri inn!»
7 David tok likevel Sion-borga, som no er Davidsbyen.
8 Den dagen sa David: «Kvar den som drep ein jebusitt, desse halte og blinde som hatar David, skal koma fram til vass-sjakta.» Difor heiter det: «Ein blind eller halt får ikkje koma inn i tempelet.»
9 David slo seg ned i borga og kalla henne Davidsbyen. Han bygde omkring henne, frå Millo og innover.