7 David tok likevel Sion-borga, som no er Davidsbyen.
8 Den dagen sa David: «Kvar den som drep ein jebusitt, desse halte og blinde som hatar David, skal koma fram til vass-sjakta.» Difor heiter det: «Ein blind eller halt får ikkje koma inn i tempelet.»
9 David slo seg ned i borga og kalla henne Davidsbyen. Han bygde omkring henne, frå Millo og innover.
10 David fekk stadig større makt, for Herren, allhærs Gud, var med han.
11 Hiram, kongen i Tyros, sende utsendingar til David. Dei kom med sedertre og hadde med seg tømrarar og steinhoggarar. Dei bygde eit slott for David.
12 Då skjøna David at Herren hadde stadfest kongedømet hans over Israel og lyft kongsveldet hans høgt for sitt folk Israels skuld.
13 Etter at David hadde flytt frå Hebron, tok han seg fleire følgjekoner og koner frå Jerusalem, og han fekk endå fleire søner og døtrer.