1 Endå ein gong samla David dei beste mennene i Israel, tretti tusen mann.
2 Han braut opp med heile sin hær og drog til Baala i Juda. Derifrå ville dei henta Guds paktkiste, som ber namnet til Herren over hærskarane, han som tronar over kjerubane.
3 Dei sette paktkista på ei ny vogn og førte henne frå Abinadabs hus på høgda. Sønene til Abinadab, Ussa og Ahjo, køyrde den nye vogna.
4 Slik førte dei Guds paktkiste bort frå Abinadabs hus på høgda, og Ahjo gjekk føre kista.
5 David og heile Israels hus dansa og leika for Herrens andlet, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, kastanjettar og symbalar.
6 Men då dei kom til treskjevollen til Nakon, rette Ussa ut handa og tok tak i Guds paktkiste fordi oksane var ustyrlege.