13 Då dei som bar Herrens paktkiste, hadde gått seks steg fram, ofra han ein okse og ein gjøkalv.
14 David dansa av all kraft for Herrens andlet. Han var kledd i ei prestedrakt av lin.
15 Slik førte David og heile Israelsfolket Herrens paktkiste opp med jubelrop og støytar i bukkehorn.
16 Men då kista vart boren inn i Davidsbyen, såg Mikal, dotter til Saul, ut gjennom vindauget. Ho fekk auge på kong David som hoppa og dansa for Herrens andlet, og ho vanvørde han i hjartet.
17 Dei førte Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå i det teltet som David hadde reist for henne. Og David bar fram brennoffer og fredsoffer for Herren.
18 Då David var ferdig med å bera fram brennofferet og fredsofferet, velsigna han folket i namnet til Herren over hærskarane.
19 Så delte han ut eit lite, rundt brød, ei daddelkake og ei rosinkake til kvar mann og kvinne i folket, den store mengda av israelittar. Så gjekk alle kvar til sitt.