16 Men då kista vart boren inn i Davidsbyen, såg Mikal, dotter til Saul, ut gjennom vindauget. Ho fekk auge på kong David som hoppa og dansa for Herrens andlet, og ho vanvørde han i hjartet.
17 Dei førte Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå i det teltet som David hadde reist for henne. Og David bar fram brennoffer og fredsoffer for Herren.
18 Då David var ferdig med å bera fram brennofferet og fredsofferet, velsigna han folket i namnet til Herren over hærskarane.
19 Så delte han ut eit lite, rundt brød, ei daddelkake og ei rosinkake til kvar mann og kvinne i folket, den store mengda av israelittar. Så gjekk alle kvar til sitt.
20 Då David kom heim att for å velsigna sitt hus, gjekk Mikal, dotter til Saul, ut mot han og sa: «Kor høgt Israels konge er vorten æra i dag då han viste seg naken for auga på tenestejentene til mennene sine, slik lettsindige menneske har for vis!»
21 David svara Mikal: «Det var for Herrens andlet eg dansa, for han som valde meg ut i staden for far din og heile hans hus og sette meg til fyrste over Herrens folk, over Israel.
22 Eg kan gjera meg endå ringare enn eg no har gjort, og bli endå mindre i mine eigne auge. Men hos desse tenestejentene som du talar om, skal eg vinna ære!»