4 Slik førte dei Guds paktkiste bort frå Abinadabs hus på høgda, og Ahjo gjekk føre kista.
5 David og heile Israels hus dansa og leika for Herrens andlet, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, kastanjettar og symbalar.
6 Men då dei kom til treskjevollen til Nakon, rette Ussa ut handa og tok tak i Guds paktkiste fordi oksane var ustyrlege.
7 Då vart Herren brennande harm på Ussa. Gud slo han på staden fordi han gjorde dette, og han døydde der ved Guds paktkiste.
8 David var opprørt over Herrens plutselege utfall mot Ussa. Han kalla staden Peres-Ussa, og det har han heitt til denne dag.
9 Den dagen vart David gripen av frykt for Herren. Han sa: «Korleis skulle Herrens paktkiste kunna koma heim til meg?»
10 Han ville ikkje flytta paktkista opp til seg i Davidsbyen, men sette henne i huset til Obed-Edom frå Gat.