7 Då vart Herren brennande harm på Ussa. Gud slo han på staden fordi han gjorde dette, og han døydde der ved Guds paktkiste.
8 David var opprørt over Herrens plutselege utfall mot Ussa. Han kalla staden Peres-Ussa, og det har han heitt til denne dag.
9 Den dagen vart David gripen av frykt for Herren. Han sa: «Korleis skulle Herrens paktkiste kunna koma heim til meg?»
10 Han ville ikkje flytta paktkista opp til seg i Davidsbyen, men sette henne i huset til Obed-Edom frå Gat.
11 Der vart Herrens paktkiste ståande i tre månader, og Herren velsigna Obed-Edom og heile hans hus.
12 Då kong David fekk høyra at Herren for paktkista skuld hadde velsigna huslyden til Obed-Edom og alt det han eigde, gjekk han med stor glede og førte Guds paktkiste frå huset til Obed-Edom opp til Davidsbyen.
13 Då dei som bar Herrens paktkiste, hadde gått seks steg fram, ofra han ein okse og ein gjøkalv.