1 Kongen budde no i huset sitt, og Herren hadde gjeve han fred for alle fiendane rundt omkring.
2 Ein dag sa kongen til profeten Natan: «Sjå, her bur eg i eit hus av sedertre, medan Guds paktkiste står i eit telt.»
3 Natan svara kongen: «Gjer alt som ligg deg på hjartet, for Herren er med deg!»
4 Same natta kom Herrens ord til Natan:
5 Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Skulle du byggja eit hus for meg til å bu i?
6 Eg har då ikkje budd i hus heilt frå den tid eg førte israelittane opp frå Egypt og til denne dag. Eg har vandra omkring med eit telt til bustad.
7 Eg vandra ikring med israelittane og hovdingane over Israels stammar, som eg sette til å vakta Israel, folket mitt. Sa eg nokon gong til ein av dei: «Kvifor har ikkje de bygd eit hus av sedertre for meg?»