17 Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.
18 Då gjekk kong David inn og sette seg framfor Herrens andlet. Han sa: Kven er vel eg, Herre Gud, og kva er mitt hus, sidan du har ført meg så langt?
19 Og endå var dette for lite i dine auge, Herre Gud. Du har gjeve huset til tenaren din lovnader langt fram i tida. Dette skal vera til rettleiing for menneska, Herre Gud.
20 Kva meir skal David seia til deg? Du kjenner då tenaren din, Herre Gud.
21 For ditt ord skuld og etter ditt eige hjarte har du gjort alt dette store og kunngjort det for tenaren din.
22 Difor er du stor, Herre Gud! Det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt med eigne øyre.
23 Kven er som folket ditt, som Israel? Det er det einaste folket på jorda som Gud kom til for å fria ut og gjera til sitt eige. Han skapte seg eit namn og gjorde store og skremmande gjerningar for dykk – og for landet ditt. Du fria folket ditt ut av Egypt, frå folka og gudane deira.