3 Natan svara kongen: «Gjer alt som ligg deg på hjartet, for Herren er med deg!»
4 Same natta kom Herrens ord til Natan:
5 Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Skulle du byggja eit hus for meg til å bu i?
6 Eg har då ikkje budd i hus heilt frå den tid eg førte israelittane opp frå Egypt og til denne dag. Eg har vandra omkring med eit telt til bustad.
7 Eg vandra ikring med israelittane og hovdingane over Israels stammar, som eg sette til å vakta Israel, folket mitt. Sa eg nokon gong til ein av dei: «Kvifor har ikkje de bygd eit hus av sedertre for meg?»
8 No skal du seia til David, tenaren min: Så seier Herren over hærskarane: Eg henta deg frå beitemarka der du følgde saueflokken, og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt.
9 Eg var med deg kvar du gjekk, og utrydda alle fiendane dine for deg. Eg har gjort namnet ditt stort, som namnet til dei største på jorda.