11 Alt dette helga kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folkeslaga han hadde lagt under seg,
12 frå edomittane, moabittane, ammonittane, filistrane og amalekittane. Det same gjorde han med hærfanget frå Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba.
13 David vann seg eit stort namn då han kom tilbake frå sigeren over edomittane i Saltdalen. 18 000 mann vart slegne.
14 Han sette ut vaktpostar i Edom. I heile Edom sette han ut vaktpostar. Alle edomittane vart slavar for David. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
15 David rådde no over heile Israel. Han fremja rett og rettferd for heile folket sitt.
16 Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Ahilud, var kanslar.
17 Sadok, son til Ahitub, og Ahimelek, son til Abjatar, var prestar og Seraja riksskrivar.