3 Like eins vann David over Hadadeser, son til Rehob, kongen av Soba, då han drog ut for å vinna att herredømet over landet ved Eufrat.
4 David tok frå han 1700 ryttarar og 20 000 fotfolk. Han skar over hasane på alle vognhestane, men 100 hestar sparte han.
5 Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen av Soba. Men David felte 22 000 av dei.
6 David sette ut vaktpostar i Aram-Damaskus. Dei vart slavar for David og laut betala skatt til han. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
7 David tok gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.
8 Frå Betah og Berotai, to byar som høyrde Hadadeser til, tok kong David bronse i store mengder.
9 Då To'i, kongen i Hamat, høyrde at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser,