8 Frå Betah og Berotai, to byar som høyrde Hadadeser til, tok kong David bronse i store mengder.
9 Då To'i, kongen i Hamat, høyrde at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser,
10 sende han Joram, son sin, til kong David. Han skulle helsa han og ønskja han til lukke med sigeren over Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt ført krig med To'i. Joram hadde med seg gåver av sølv, gull og bronse.
11 Alt dette helga kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folkeslaga han hadde lagt under seg,
12 frå edomittane, moabittane, ammonittane, filistrane og amalekittane. Det same gjorde han med hærfanget frå Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba.
13 David vann seg eit stort namn då han kom tilbake frå sigeren over edomittane i Saltdalen. 18 000 mann vart slegne.
14 Han sette ut vaktpostar i Edom. I heile Edom sette han ut vaktpostar. Alle edomittane vart slavar for David. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.