6 Alle grannane støtta dei med sølvkar og gull, gods, buskap og andre verdfulle ting. Dei kom òg med frivillige gåver.
7 Kong Kyros lét henta tempelutstyret som Nebukadnesar hadde ført bort frå Herrens hus i Jerusalem, og som han hadde sett i huset til sin gud.
8 Kyros, kongen av Persia, overlét dei til skattmeisteren Mitredat, som talde dei opp og gav dei til Sjesjbassar, fyrsten i Juda.
9 Talet var: 30 gullskåler, 1000 sølvskåler og 29 andre skåler,
10 30 gullbeger, 410 doble sølvbeger og 1000 andre kar.
11 Til saman var det 5400 kar av gull og sølv. Alt dette hadde Sjesjbassar med seg då dei bortførte fór opp frå Babel til Jerusalem.