1 Profeten Haggai og profeten Sakarja, son til Iddo, tala til judearane i Juda og Jerusalem; i namnet til Israels Gud tala dei til dei.
2 Då gjekk Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, i gang med å byggja Guds hus i Jerusalem, og Guds profetar var med og støtta dei.
3 Straks kom Tattenai, statthaldaren i provinsen Bortanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira til dei og sa: «Kven har gjeve dykk ordre om å byggja dette huset og gjera treverket ferdig?»
4 Vidare spurde vi dei: «Kva heiter mennene som set opp denne bygningen?»
5 Men Guds auge kvilte på dei eldste mellom judearane. Ingen hindra dei i arbeidet, men ein sende ei melding til Dareios og venta på svarbrev om saka.
6 Dette er ei avskrift av brevet som Tattenai, statthaldaren i provinsen Bortanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne hans, embetsmennene i provinsen, sende til kong Dareios.
7 Slik stod det skrive i meldinga:«Til kong Dareios: All fred!
8 Kongen skal vita at vi har gjort ei reise til provinsen Juda, til den store Guds hus. Det blir no bygd opp att av tilhoggen stein, og veggene blir kledde med tre. Arbeidet blir utført med flid og har god framgang.
9 Vi spurde dei eldste: ‘Kven har gjeve dykk ordre om å byggja dette huset og gjera treverket ferdig?’
10 Vi spurde dei òg kva dei heitte, så vi kunne skriva ned namna på leiarane og la deg få vita det.
11 Dette var svaret dei gav oss: ‘Vi er tenarar for han som er Gud i himmelen og på jorda, og vi byggjer opp att det huset som vart reist her ein gong for mange år sidan. Det var ein stor konge i Israel som bygde og fullførte det.
12 Men fedrane våre gjorde himmelens Gud harm. Difor gav han dei i hendene på kaldearen Nebukadnesar, kongen i Babel. Han øydela dette huset og førte folket i eksil til Babel.
13 Men i det første året Kyros var konge i Babel, gav han ordre om at Guds hus skulle byggjast opp att.
14 Gullkara og sølvkara som hadde høyrt Guds hus til, dei som Nebukadnesar hadde teke ut av tempelet i Jerusalem og ført til tempelet i Babel, dei tok kong Kyros ut av tempelet i Babel. Han gav dei til ein mann som heitte Sjesjbassar, som han hadde sett til statthaldar,
15 og sa til han: Ta dette utstyret, far av stad og set det i tempelet i Jerusalem! Guds hus skal byggjast opp att på same staden som før.
16 Så kom denne Sjesjbassar og la grunnvollen til tempelet i Jerusalem. Frå den tida og til i dag har dei bygd på det, men enno er det ikkje ferdig.’