1 Medan Esra gråtande kasta seg ned framfor Guds hus og bad og skrifta, samla det seg ei stor mengd israelittar rundt han, menn, kvinner og born, og folket gret høgt.
2 Då tok Sjekanja, son til Jehiel, frå Elam-ætta, til orde og sa til Esra: «Vi har vore trulause mot vår Gud og teke til oss framande kvinner frå folka i landet. Likevel er det enno von for Israel.
3 Lat oss no gjera ei pakt for vår Guds andlet og senda frå oss alle desse kvinnene og deira born. Det er dette rådet vi har fått frå Herren, og frå dei som skjelv for boda frå vår Gud. Lat dette bli gjort etter lova!
4 Gå i gang, for saka kviler på deg, men vi vil vera med deg. Ver sterk og gå til verket!»
5 Då reiste Esra seg og bad dei leiande prestane, levittane og heile Israel sverja at dei ville gjera det som var sagt, og dei svor alle.
6 Esra gjekk så bort frå plassen framfor Herrens hus og inn i rommet til Johanan, son til Eljasjib. Der var han natta over utan å smaka verken brød eller vatn, for han sørgde over truløysa til dei som hadde vore i eksil.