15 Berre Jonatan, son til Asael, og Jahseja, son til Tikva, sette seg imot dette, og Mesjullam og levitten Sjabbetai støtta dei.
16 Men dei som hadde vore i eksil, gjorde som det var sagt. Presten Esra skilde ut nokre menn som var leiarar for kvar sin familie, alle nemnde med namn. Dei kom saman den første dagen i den tiande månaden for å granska saka.
17 På den første dagen i den første månaden vart dei ferdige med alle mennene som hadde teke til seg framande kvinner.
18 Ein fann at desse prestesønene hadde teke til seg framande kvinner: etterkomarar av Josva, son til Josadak, og brørne hans: Maaseja, Elieser, Jarib og Gedalja.
19 Dei gav handa på at dei skulle senda frå seg kvinnene sine, og dei ofra ein vêr som skuldoffer.
20 Etterkomarar av Immer: Hanani og Sebadja;
21 av Harim: Maaseja, Elia, Sjemaja, Jehiel og Ussia;