3 Lat oss no gjera ei pakt for vår Guds andlet og senda frå oss alle desse kvinnene og deira born. Det er dette rådet vi har fått frå Herren, og frå dei som skjelv for boda frå vår Gud. Lat dette bli gjort etter lova!
4 Gå i gang, for saka kviler på deg, men vi vil vera med deg. Ver sterk og gå til verket!»
5 Då reiste Esra seg og bad dei leiande prestane, levittane og heile Israel sverja at dei ville gjera det som var sagt, og dei svor alle.
6 Esra gjekk så bort frå plassen framfor Herrens hus og inn i rommet til Johanan, son til Eljasjib. Der var han natta over utan å smaka verken brød eller vatn, for han sørgde over truløysa til dei som hadde vore i eksil.
7 Deretter gjekk det ut ei kunngjering gjennom heile Juda og Jerusalem til alle som hadde vore i eksil. Dei skulle samlast i Jerusalem.
8 Den som ikkje kom innan tre dagar, skulle – slik leiarane og dei eldste hadde bestemt – få all eigedomen sin slegen med bann og øydelagd og sjølv bli skild frå forsamlinga av dei som hadde vore i eksil.
9 Alle menn frå Juda og Benjamin samla seg i Jerusalem på tre dagar. Det var den tjuande dagen i den niande månaden. Heile folket sat på plassen framfor Guds hus og skalv, både på grunn av denne saka og fordi det regna kraftig.