9 Alle menn frå Juda og Benjamin samla seg i Jerusalem på tre dagar. Det var den tjuande dagen i den niande månaden. Heile folket sat på plassen framfor Guds hus og skalv, både på grunn av denne saka og fordi det regna kraftig.
10 Då reiste presten Esra seg og sa til dei: «De har vore trulause og teke til dykk framande kvinner. Slik har de auka Israels skuld.
11 Skrifta no for Herren, dykkar fedrars Gud, og gjer hans vilje. Skil dykk frå desse folka i landet og frå dei framande kvinnene.»
12 Då svara heile forsamlinga høgt: «Ja, vi vil gjera det som du seier til oss.
13 Men det er mykje folk, og det er regntid. Vi orkar ikkje å stå her ute lenger. Dette arbeidet er ikkje gjort på ein dag eller to, for vi er mange som har synda i denne saka.
14 Lat no leiarane våre stå fram for heile forsamlinga. Så skal alle i byane våre som har teke til seg framande kvinner, møta til avtala tider saman med dei eldste og dommarane frå kvar einskild by, for å venda bort frå oss vår Guds brennande vreide på grunn av denne saka.»
15 Berre Jonatan, son til Asael, og Jahseja, son til Tikva, sette seg imot dette, og Mesjullam og levitten Sjabbetai støtta dei.