61 og etterkomarar av prestane av Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og teke deira namn.
62 Dei leita etter slektsregistra sine, men fann dei ikkje. Difor vart dei rekna for uverdige til prestetenesta.
63 Statthaldaren forbaud dei å eta av det høgheilage til det stod fram ein prest med urim og tummim.
64 Heile forsamlinga var i alt 42 360.
65 I tillegg kom dei 7337 mannlege og kvinnelege slavane, dessutan 200 mannlege og kvinnelege songarar.
66 Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,
67 435 kamelar og 6720 esel.