1 Då den sjuande månaden kom og israelittane hadde busett seg i byane, samla folket seg alle som ein i Jerusalem.
2 Josva, son til Josadak, og brørne hans, prestane, og Serubabel, son til Sjealtiel, og brørne hans tok fatt på å byggja eit altar for Israels Gud. På det skulle dei ofra brennoffer, slik det står skrive i lova til gudsmannen Moses.
3 Dei reiste altaret der det før hadde stått, sjølv om dei frykta for folka i landområda omkring, og dei bar fram brennoffer til Herren, både morgonoffer og kveldsoffer.
4 Så feira dei lauvhyttefesten slik det står skrive, med så mange brennoffer som var fastsette for kvar einskild dag.