10 Bygningsmennene la grunnvollen til Herrens tempel. Så stilte prestane seg opp i fullt skrud med trompetar, og levittane, Asaf-sønene, stilte seg opp med symbalar for å prisa Herren, slik David, Israels-kongen, ville.
11 Dei stemde i med lov og takk til Herren: «Han er god, evig varer hans miskunn mot Israel.» Og alt folket jubla høgt og lova Herren fordi grunnvollen til Herrens hus var lagd.
12 Men mange av prestane, levittane og leiarane for familiane som var så gamle at dei hadde sett det første tempelet, gret høgt då dei såg det tempelet som no vart grunnlagt. Andre jubla høgt i glede.
13 Det var ikkje råd å skilja dei glade jubelropa frå folket sin gråt. For folket jubla så høgt at det kunne høyrast vidt omkring.